Budsjettkonferanse 29. oktober 2024
I morgon skal politikarane i Sande samlast til budsjettkonferanse på rådhuset.
Konferansen startar kl 14.00. Den er open for publikum og vil verte strøyma via Sande kommune sin YouTube-kanal.
Program:
- Opning av møtet v/ordføraren (14.00-14.10)
- Innleiing v/ Statsforvaltaren (14.10-14.30)
- Presentasjon av kommunedirektøren sitt budsjettframlegg
- Dei overordna rammene v/kommunedirektør og økonomileiar (14.45-15.20)
- Pause (15.20-15.30)
- Sektorvise «djupdykk» v/kommunalsjefane HO, KL og OPK (15.30-16.30)
- Spørsmål frå salen (16.30-16.50)
- Pause (16.50-17.00)
- Gjennomgang av investeringsbudsjettet v/ kommunalsjef KL m/fleire (17.00-17.30)
- Spørsmål frå salen (17.30-17.50)
- Avrunding v/kommunedirektøren (17.50-18.00)
Du kan lese kommunedirektøren sitt budsjettframlegg her.